Pengar og elskarar: Ia Genberg og Gunnhild Øyehaug
I samtale med Ellen Sofie Lauritzen om kjærleik og kapital, humor og forteljekunst.
Alt ligg til rette for humor, vidd og overraskande innsikter når to av skandinavias mest leikne og stilsikre forteljarar, Ia Genberg og Gunnhild Øyehaug, møtest til samtale.
Svenske Ia Genberg traff verkeleg ein streng i samtida med suksessromanen Detaljene i 2023, som blei utgjeven i meir enn 30 land. Denne elegante forteljinga om tinga, menneska og kjærleiksrelasjonane som utgjer eit liv, er samtidig eit snedig portrett av tidsånda på nittitalet. No er Genberg aktuell igjen på norsk med novellesamlinga Mager trøst & fire andre fortellinger om penger, oversatt av Bodil Engen. Boka var nominert til årets internasjonale Bookerpris. På ulikt vis undersøker forteljingane verdien av pengar, og korleis pengar påverkar verdsetjinga av menneske, i en prosa kjenneteikna av Genbergs karakteristiske intelligens og underfundige humor.
Gunnhild Øyehaug har i årevis sjarmert og forundra både norske og internasjonale lesarar med dei uføreseielege forteljingane sine. Ho har ei rekke prisløna diktsamlingar, essay, novellesamlingar og romanar bak seg. Enten det er ein bit av hjernen som dett i do, eller kona til Eirik Blodøks som vaknar opp på ein sjukeheim, skriv Øyehaug konkret og jordnært mens ho sprenger rammene for det realistiske på ein måte få gjer henne etter. No gir ho ut novellesamlinga Elskarane mine, der lesaren blant anna blir kjend med to fengselsutbrytarar som må konfrontere skrekken sin for kyr og ei kvinne som har elleve elskarar.
På Litteraturhuset møter Øyehaug og Genberg kritikar og forfattar Ellen Sofie Lauritzen til samtale om kjærleik og kapital, humor og forteljekunst.
Foto: Sara Mackey og Helge Skodvin
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billetter refunderes kun ved avlysning.
Vi gjør oppmerksom på at Litteraturhuset tar situasjonsbilder under arrangementet. Det er ikke tillatt for publikum å gjøre eget video- eller lydopptak.