Saklig søndag spesial: Menn som nesten elska meg

Katrine Sele i samtale med Sissel Gran om dating i vaksen alder

page view image
Evenemangsdatum

söndag 28 sep 2025 13:00

avslutas söndag 28 sep 2025 14:00
Beställ

Tillgängliga artiklar

Ordinær
Student / Under 25
event image

Evenemangsinformation

Då forfattar Katrine Sele skilde seg midt i førtiåra, blei ho kasta ut ein kvardag prega av einsemd, økonomiske bekymringar og frykta for å ikkje strekke til som mor. Men snart tok lengten etter kjærleik over, og ho begynte å leite etter ein kjærast. Dette viste seg å vere både komplisert og uføreseieleg.

Menn som nesten elska meg er ei personleg forteljing om kjærleikens utfordringar, og ei handsrekking til alle som leiter etter nærleik og meining i livet. I denne ærlege og sårbare memoaren skildrar ho sju år med dating, forelskingar og kjærleikssorger og forsøka på å kome nær eit anna menneske utan å miste seg sjølv. Ho reflekterer over kva kjærleik og sex eigentleg betyr, og korleis ein kan kome seg gjennom hjartesorg – med hjelp frå både eigne erfaringar og litteratur.

Ein av dei som har lest boka med stor begeistring, er psykologspesialist og forfattar Sissel Gran. På Litteraturhuset møter ho Katrine Sele til samtale om å finne kjærleik i vaksen alder.

Ansvarsfriskrivning

Kjøpte billetter refunderes kun ved avlysning.
Vi gjør oppmerksom på at Litteraturhuset tar situasjonsbilder under arrangementet. Det er ikke tillatt for publikum å gjøre eget video- eller lydopptak.

Arrangör
Litteraturhuset