I smelteverkets tid: Kjartan Fløgstad
I samtale med Lotta Elstad om arv og arbeid, kunst og industri, og oppvekst i etterkrigstidas Norge.
Etter snart seksti år som forfattar vender Kjartan Fløgstad tilbake til landskapet der den berrføtte guten i den ikoniske romanen Dalen Portland sprang heimanfrå og inn i litteraturen.
Livet som innsats er ein sjølvbiografisk roman, frå forfattarens eigen oppvekst i etterkrigstidas Sauda. Gatene i den vestlandske industribygda blir levande på nytt, med sitt mylder av smelteverks-arbeidarar, foreiningsdamer, kommunistar og sportsidiotar. Minner frå oppveksten er ispedd blikk bak sceneteppet til fleire av Fløgstads romanar. Ikkje minst generasjonsforteljinga Dalen Portland, om bygdas møte med industri og internasjonal kapitalisme, som han fekk Nordisk Råds litteraturpris for i 1978.
Sjølvbiografisk eller ei – forfattarens karakteristiske leik med sant og usant gjer seg gjeldande også i Livet som innsats. Elles byr romanen på konkrete og sanselege skildringar av arbeid, og refleksjonar rundt sambanda mellom arbeid, handverk og kunst. Fløgstad skildrar kvinnene sitt handarbeid, husstell og foreiningssamvêr, og han skildrar maskuline kodar, idrettsglede og samfunnsbygging.
Kva stod på spel desse sentrale tiåra i norsk historie? Kva slags arv står igjen etter oppveksten i skjeringspunktet mellom tradisjonar og modernitet?
Kjartan Fløgstad er ein av landets mest sentrale forfattarar. Han er sjømannsforfattar og globetrotter, ein sjangerleikande magisk realist og ein fornyar av den politiske romanen. Forfattarskapen omfattar lyrikk, noveller, romanar, essay og skodespel, og tel høgdepunkt som Grand Manila og Grense Jakobselv. Han har motteke ei rekke prisar, inkludert Nordisk Råds litteraturpris og Brageprisen, og er omsett til mange språk.
På Litteraturhuset møter Fløgstad forfattar og historikar Lotta Elstad til samtale om arv og arbeid, kunst og industri, og oppvekst i etterkrigstidas Norge.
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billetter refunderes kun ved avlysning.
Vi gjør oppmerksom på at Litteraturhuset tar situasjonsbilder under arrangementet. Det er ikke tillatt for publikum å gjøre eget video- eller lydopptak.