Poesikjellar: Gjendiktingsspesial

Tone Hødnebø om canadiske Anne Carson, Joakim Kjørsvik om amerikanske Sharon Olds og Tove Bakke om portugisiske Herberto Hélder.

page view image
Evenemangsdatum

onsdag 5 nov 2025 19:30

avslutas onsdag 5 nov 2025 20:30
Beställ

Tillgängliga artiklar

Ordinær
Student / Under 25
event image

Evenemangsinformation

Velkomen til poesikjellar på Litteraturhuset, der vi fyller Berner-kjellaren med ny poesi! For å feire at nokre av den internasjonale poesiverdas største stemmer i år er komne på norsk, inviterer vi til ein heilaftan med gjendikting. Her vil forfattarane og omsetjarane Tone Hødnebø, Joakim Kjørsvik og Tove Bakke fortelje om og lese frå gjendiktingane dei har gjort av canadiske Anne Carson, amerikanske Sharon Olds og portugisiske Herberto Hélder.

Anne Carson er ein av verdas fremste samtidspoetar, og ein hyppig nemd kandidat til Nobelprisen i litteratur. Canadiaren er også professor i klassiske studiar, essayist og omsetjar frå latin og gresk. I år er ho aktuell med to nye gjendiktingar på norsk: Flyte og Albertine-økt. Gjendiktar Tone Hødnebø er både ein av våre største poetar og ein Carson-autoritet etter å ha gjendikta ei rekke av forfattaren sine viktigaste bøker, som Glass, ironi og Gud, Rød selvbiografi og Korte foredrag.

Sharon Olds har som få andre nådd ut med sine intenst personlege og kraftfulle dikt, delt i tallause antologiar og selde meir enn nesten nokon annan samtidspoet. Ho er ein både folkekjær og kontroversiell poet i USA. I diktsamlinga Oder fornyar Olds ode-tradisjonen, med dikt som «Ode til skjedekransen» og «Ode til blowjoben». Oder er Sharon Olds sitt fyrste enkeltverk i norsk gjendikting, ved Endre Ruset og Joakim Kjørsvik. Kjørsvik, som sjølv er ein kritikarrosa poet og forfattar, kjem til Litteraturhuset for å snakke om, og lese frå, Oder.

Herberto Hélder var ein portugisisk poet og forfattar, rekna som den største etter Fernando Pessoa. Han viste seg aldri offentleg på litterære arrangement og avslo prisar han vart tildelt, men fekk likevel stor påverknad på heimlandets litteratur. Hélder har fått mykje merksemd i Frankrike, Spania og Italia, der nesten alle bøkene hans er omsett, men er mindre kjent i engelskspråklege land og Skandinavia. I år blei ei omsetjing utgitt på norsk som den fyrste på eit skandinavisk språk: Kvinner springande, springande, der utval og gjendiktingar er gjort av omsetjingsnestoren Tove Bakke.

Foto: Elri Uhre/Tove K. Breistein/Rolf M. Aagaard

Ansvarsfriskrivning

Kjøpte billetter refunderes kun ved avlysning.
Vi gjør oppmerksom på at Litteraturhuset tar situasjonsbilder under arrangementet. Det er ikke tillatt for publikum å gjøre eget video- eller lydopptak.

Arrangör
Litteraturhuset