page view image

Äntligen Fosse! Strøyming av Fosse sitt Nobel-føredrag med innleiing ved Olaug Nilssen

Information
event image

«Ikkje minst vel eg å sjå pristildelinga som ein pris til nynorske og den nynorske målreisinga», sa Jon Fosse etter det vart kjent at han får nobelprisen i litteratur 2023. 

Ein av dei mange nynorsk-brukarane som tok denne utsegna til hjartet, var forfattarkollega Olaug Nilssen. Ho vil innleie kort om kva pristildelinga har å seie for nynorsken og for det norske litterære kretsløpet, før vi strøymer direkte frå Stockholm, der prisvinnar Jon Fosse vil halde årets Nobel-føredrag.

Kom og sjå ei av dei viktigaste hendingane i norsk litteraturhistorie live på storskjerm, i godt lag!

Foto: Agnete Brun