Hjelp
© TicketCo AS 2026.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Donald Duck er ein populærkulturell bauta både i Noreg og internasjonalt, og historiene frå Andeby har lært tallause nordmenn å lese og forma litteratursynet deira. Ein av dei er forfattar Alf Kjetil Walgermo, som no er ute med boka Litteratur i Andeby, ei litteraturvitskapleg kjærleikserklæring til Donald Duck og hans litterære verd.
I dette føredraget vil Walgermo utforske korleis Donald og venene hans har satt avtrykk i litteraturhistoria og korleis litteraturhistoria har satt avtrykk i Andeby. Her kan du blant anna høyre om storheiter som Homer, Dante og Shakespeare og på kva måtar dei duckar opp i Donald-blada.
Velkomen til eit andleis føredrag!
Arrangementet er gratis for dei under 18 år.