Vegen inn i skrivinga: Edvard Hoem
i samtale med Tove Nilsen om ungdomstid, heimstad og forfattarkall.

På seinsommaren i 1963 flyttar den fjorten år gamle Edvard frå den stille bygda til Molde for å gå på realskulen. Han er ung, full av ambisjonar, og klar for å finne sin veg ut i verda. Meir enn seksti år seinare, frå barndomsheimen, skriv den aldrande Edvard fram den unge mannen.
Etter å ha skrive fleire bøker basert på slektshistoria si, vender Edvard Hoem blikket mot seg sjølv, og memoarromanen Ung mann vil ut markerer eit nytt kapittel i forfattarskapen: eit levande portrett av den ungen mannen han var, fylt med gnagande tvil og grenselause ambisjonar. Hoem skildrar korleis dei tidlege åra i Molde forma han, både som menneske og som forfattar, sin eigen politiske oppvakning og møte med det radikale venstresidemiljøet som sette sitt preg på mange unge i etterkrigstida. Han skildrar dei bitre nederlaga, euforien, forfattarkallet og gudstrua.
Edvard Hoem har prega norsk samtidslitteratur i fleire tiår, og har ein framifrå og rik forfattarskap bak seg. Han har mottatt vektige litterære prisar og blitt nominert til Nordisk råds litteraturpris heile fire gonger. Ung mann vil ut er den første i ein serie memoarromanar tett på forfattarens eige skrivande liv.Ei som har følgt Hoems forfattarskap tett, er venn og forfattarkollega Tove Nilsen. No møtast dei på Litteraturhuset for å snakke om ambisjonar og lengsler, ungdomstid og vegen inn i skrivinga.
Restriksjoner
Vi gjer oppmerksam på at det ikkje er tillate med lyd- eller videoopptak under arrangementet.
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar blir kun refunderte kun ved avlysing.
Vi gjer oppmerksam på at Litteraturhuset tar situasjonsbilete under arrangementet.