Som eit barn ser. Sivert N. Nesbø, Brynjul Jung Tjønn og Eivind Hofstad Evjemo

Arrangementsinformasjon

I den tredje romanen til Sivert N. Nesbø, Sjøen om vinteren, møter vi Eli, tolv år, som har eit livskompass som snurrar: Ho er i gråsona mellom barn og ungdom, har ein far som er på veg ut heimanfrå og ein familie i avslutningsfasen.

Tidlegare har det blitt trekt parallellar mellom Nesbø og forfattarar som Tarjei Vesaas og Torborg Nedreaas. Då peikar kritikarane på den
språklege presisjonen og ein skarp realisme i portretta.

Brynjulf Jung Tjønn har skrive diktsamlinga Garden under jorda. Også her er forteljaren eit barn, men yngre enn hos Nesbø. Universet er også svartare, og grensa mellom røynd og fantasi vanskelegare å trekkje. Ei mor døyr, dei får ein plastpose med kleda hennar med seg heim frå sjukehuset. Ei tvillingsyster sit i rullestol, og far tvingar sonen til å slå laus på ein død grisunge.

Kvar sluttar foreldra dine, og kvar byrjar du? Kven maktar å gi sorga eit språk, og kva skjer om ein sluttar å prøve?

Forfattar Eivind Hofstad Evjemo har mellom anna skrive romanen Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet, der han tematiserer evna menneska har til å ta vare på kvarandre. No snakkar han med Nesbø og Tjønn om å sjå ting med barneaugo og om å gi tapserfaringar eit språk.


Foto: Anna-Julia Granberg/Blunderbluss og Paal Audestad 

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes kun ved avlysning.