page view image

Norsk nok? Føredrag om fornorskingspolitikken ved Ketil Zachariassen

Arrangementsinformasjon
event image

Gjennom nesten to hundreår søkte norske styresmaktar å fornorske samar, kvener, skogfinnar og romanifolket. Målet var å få minoritetane til å gje opp sitt språk, sine kulturelle særtrekk, sin etnisitet og erstatte dei med norsk språk, kultur og tankesett. Skulen og lærarane var særleg viktige verktøy i arbeidet med å fremme fornorskingspolitikken, men også andre samfunnsinstitusjonar blei nytta i assimileringa.

Ketil Zachariassen er førsteamanuensis i moderne historie ved UiT. I dette føredraget vil han analysere fornorskingspolitikkens ideologi, praksis og målsetting på 1800- og 1900-tallet, og trekke linjer fram til i dag: Kva var resultatet av fornorskingspolitikken? Er han avslutta no – og i så tilfelle, når blei han det?

Ansvarsfraskrivelse

Billetter refunderes kun ved avlysning.