Minilørdag. Med forteljar Marianne Sundal og musikar Ibou Cissokho

Arrangementsinformasjon

Ill.: Olaf Landström

No har Benny fått ein bror.
Han ville det. Og då fekk han det.

Slik byrjar forteljinga Jamen, Benny, som er laga av Barbro Lindgren og Olaf Landström. Ho handlar om grisen Benny og veslebror hans, som skrik eller syg på smokken. Og kva meiner mamma med å seie at Benny er for stor til å ha smokk? Kvifor får ikkje storebrør smake?

Er det nokon som har hatt lyst til å ta noko frå ei syster eller ein bror ein gong? Litt godteri eller ein smokk? Det er slike ting «Minilørdag» handlar om denne gongen. Det er forteljar Marianne Sundal og musikar Ibou Cissokho som fortel og spelar tonar om Benny og bror hans. Passar best for barn frå to til fire år. Billettar vert lagde ut for sal måndag 17. januar kl. 9.00.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes kun ved avlysning.