page view image

Fosse-fest søndagsprogram

Informasjon

Fosse-fest på Litteraturhuset - søndag 10. desember


Kl. 12.00: Spelejenta. Musikalsk forteljarstund med Marianne Sundal og Sofie Mortvedt

Forteljar Marianne Sundal og musikar Sofie Mortvedt tek oss med inn i Jon Fosse si magiske verd med ei framsyning basert på barneboka Spelejenta av Jon Fosse.

Spelejenta er eit kunsteventyr med referansar til folkeeventyr og bibelforteljingar. Boka handlar om ei synsk spelejente som ser i handa si at faren har stranda og sit forkomen på ei øy. Ho tek fela med seg og legg ut på ei ferd for å finne og trøyste han. På vegen møter homange utfordringar, og då blir fela god å ha med seg! Forteljinga har magiske element, og nydelege illustrasjonar laga av Øyvind Torseter.

Passar for barn frå 4 år.


Kl. 13.00: Teikne- og stempelverkstad med Øyvind Torseter

Øyvind Torseter er forfattar, teikneserieskapar, biletkunstnar og illustratør som blant anna har laga teikningane i Jon Fosses barnebok Spelejenta. Bli med Øyvind å teikne og lære nokre spennande triks han ofte brukar sjølv! Verkstaden høver like godt for dei som teiknar mykje, som for dei som teiknar lite, og ein treng ikkje ta med teiknesaker sjølv.

Passar for barn frå 4 år. 


Kl. 15.00: Fosse for dumskallar. Linda Eide og Sjur Hjeltnes om Jon Fosse

Høyrt masse om Fosse, men aldri lese han? Lese Fosse, men nysgjerrig på mannen?

Velkomen til noko såpass sjeldan som ei lys og lett Fosse-framsyning. Fosse for dumskallar er forteljingar, analysar og anekdotar om det største fenomenet som nokosinne har kome frå Hardanger. Verdas fyrste nobelprisvinnar i litteratur med nynorsk som hovudmål!

Kven er han, kva skriv han, korleis skriv han, og kva var det eigentleg som skjedde då mannen som aldri skulle skriva for teater, over natta vart ein verdsberømt dramatikar? Kva er forholdet hans til komma, komle og bilkøyring? Og ikkje minst: Er Fosse så forbanna utilgjengeleg som folk skal ha det til?

Dette er dumskallens inngangsbillett til Fosse-riket. Og jamvel den vidarekomne kan henta med seg nokre nyttige studiepoeng.

Linda Eide har jobba som journalist og programleiar i NRK radio og fjernsyn i over tre tiår. Ho har fått ei rekke prisar for si formidling. Eide skriv også bøker og teaterframsyningar, og framfører sjølv det ho skriv. Sidan 2017 har ho fronta programmet «Eides språksjov» og gjort språkopplæring til laurdagsunderhalding på NRK1.

Sjur Hjeltnes er klassisk pianist og seriøs komikar frå Voss. Han har studert ved Griegakademiet i Bergen og École Normale de Musique de Paris, og har vore kapellmeister, skodespelar og komikar i alt frå revy til samtidsteater. For tida er han kapellmeister på «Eides språksjov».


Kl. 16.15: Nobelprisen på storskjerm. Med innleiing ved Brit Bildøen og utdrag frå nytt Fosse-stykke. 

Jon Fosse får årets Nobelpris i litteratur for sin «nyskapande dramatikk og prosa som gir stemme til det useielege,» heiter det i grunngjevinga frå Svenske Akademien. Kva er eigentleg det unike i Fosses stil?

Forfattarkollega Brit Bildøen har kjent Jon Fosse eit langt skriveliv, blant anna var han lærar hennar på Skrivekunstakademiet. Ho vil innleie kort om Fosses særpreg, og om kvifor det er så stas at nett Fosse får den gjæve Nobelprisen.

Så vil skodespelarane Trine Wiggen og Vetle Bergan lese Fosse sitt stykke Leika leiken. Stykket blei òg framført på Fosse-symposiet på Litteraturhuset i Bergen tidlegare i år, og skal publiserast for fyrste gong i Syn og Segn 4/2023.

Deretter set vi over til Stockholm og direktestrøymar den høgtidelege stunda då sjølvaste Jon Fosse tek imot Nobelprisen og held takketale.