Dei romma ein kallar heime. Marit Eikemo, Birgit Alm og Sandra Lillebø

Arrangementsinformasjon

Det hastar å få kjøpt ein større bustad slik at ungane kan byrje å skape dei verkeleg gode barndomsminna. Dei minna der Hanne går uanstrengt gjennom reine, ryddige rom og snakkar til ungane sine med overskot og varme i stemma. I Marit Eikemos nye roman Gratis og uforpliktande verdivurdering er livet førebels eit kaos. Men alt vil bli annleis om dei berre får høgare lån og kan kjøpe Lerkevegen 41.

I Birgit Alms roman Ensom planet har Karianne klatra litt sosialt sidan den gongen ho og Boris budde i same blokk. Likevel er det Karianne som får i oppdrag å rydde ut når Boris døyr på reise i Kina. Medan ho ryddar opp i mygla gryter og daude potteplanter, kjem ein varme for Boris over henne. Kanskje mest fordi det er kjensler ein ikkje treng å bruke til noko.

To kvinner som lever i ein røyndom og gjerne skulle sett at han var ein annan. Og eit Noreg der ulike økonomiske klasser vekst fram i rask fart. Med sine to bøker på to år har Birgit Alm på rekordtid etablert seg som ei sylskarp stemme i det norske litterære landskapet, medan Marit Eikemo lenge har vore ein kvalitetsleverandør av skeive menneskelagnader i norsk samtidslitteratur.

Sandra Lillebø er blant dei som har tematisert økonomiske og sosiale klasser i yrket sitt som forfattar og kommentator i Klassekampen. No talar ho med Alm og Eikemo på Litteraturhuset.

litteraturhuset
mariteikemo
birgitalm
sandralillebø

Restriksjoner

Kjøpte billetter refunderes kun ved avlysning.
Arrangementet starter presis.