Slutte og byne: folkemusikkens forteljingar
Tuva Syvertsen, Eir Vatn Strøm og Nazneen Khan-Østrem i samtale om låtskriving og den nye folkemusikkbølga.
Folkemusikk har blitt hot i både bygd og by, og har dei siste åra inntatt nattklubbar og unge sine spelelister. «Folk music is having a resurgence in Norway spurred by a reclamation of the genre among generation Z”, skreiv britiske The Guardian i 2025, i ein artikkel der dei blant anna rapporterte frå nattklubb-konseptet Tuvas Blodklubb. Det er lite tvil om at Valkyrien Allstars og frontfigur Tuva Syvertsen har vore sentrale. For over tjue år sidan byrja gruppa å mekke si eiga sjangerblanding av tradisjonsmusikk, rock, pop og elektronisk, og i 2025 gav dei ut plata venter på noen som venter på noen (2025) som vart hylla som eit meisterverk.
I det sjangereksperimenterande sporet til Valkyrien Allstars har fleire andre grupper følgt etter. Blant dei fremste er trioen Ævestaden, der vokalist, klaviklyrist og låtskrivar Eir Vatn Strøm er sentral. Ho har blitt kåra til årets unge folkemusikar og har også gitt ut to eigne plater, seinast kritikarrosa Frydenlundgata i 2025.
På albuma til Valkyrien Allstars finst tolkingar av Olav H. Hauge, Jon Fosse og Gunvor Hofmo, men også låtar om å vere dritings i en bilog fylleangst som eksistensiell tilstand i «slutte og byne». Eir Vatn Strøm skriv låttekstar om kloakk og bosstømarar, men har også tolka Jon Fosse, og Ævestaden har bandnamnet sitt frå Dante.
Mens folkemusikken i nokre land kan ha nasjonalistiske og reinheitsdyrkande undertonar, er norsk folkemusikk ei urein blanding av høgt og lavt, gammalt og nytt og samarbeid på tvers av kulturar og sjangrar. Forfattar og journalist Nazneen Khan-Østrem er blant dei som har skrive om den nye folkemusikkbølga.
No møtest Tuva Syvertsen, Eir Vatn Strøm og Nazneen Khan-Østrem til samtale om låtskriving og litteratur, og om kloakken, fylleangsten og nattklubbens plass i ein tradisjonsbunden sjanger. Ein liten trall blir det også!
Foto: Ingvil Skeie Ljones og Guro Sommer
Waiver
Kjøpte billetter refunderes kun ved avlysning.
Vi gjør oppmerksom på at Litteraturhuset tar situasjonsbilder under arrangementet. Det er ikke tillatt for publikum å gjøre eget video- eller lydopptak.