Poesikjellar
Gro Dahle, Øyvind Berg og Anna Kleiva les frå bøkene sine, med introduksjonar av Priya Bains.
Velkomen til poesikjellar på Litteraturhuset, der vi fyller Berner-kjellaren med ny poesi! Forfattarane Gro Dahle, Øyvind Berg og Anna Kleiva les høgt frå dei nyaste diktsamlingane sine. Før dei les vert kvar av poetane introdusert av forfattar, gjendiktar og redaktør Priya Bains.
Gro Dahle debuterte med den underfundige diktsamlinga Audiens (1987), og har sidan då vidareutvikla ei leikande og naivistisk form, kjenneteikna av både uventa assosiasjonar og underliggande alvor. Dahle har gitt ut ei lang rekke kritikarrosa bøker som også har gjort henne til ein av mest folkekjære poetane i landet. No kjem ho for å lese frå den nyaste samlinga si Bestemordikt, ei samling muntre og filosofiske dikt om bestemødrer.
Øyvind Berg har heilt frå debuten i 1982 vist seg som ein både lærd og tradisjonsutfordrande diktar. Dikta hans er kjenneteikna av ei blanding av høgstil og vulgaritet, råskap og kjenslevarheit, og han har vist ei sterk vilje til å fornye det poetiske språket. No kjem han for å lese frå si heilt ferske diktsamling Smuldre, der han går tett på det personlege og tematiserer notidige og fortidige krigar, men også storleikar som tid, historie og vennskap.
Anna Kleiva har sidan debuten Ti liknande versjonar (2011) etablert seg blant dei mest sentrale forfattarane i sin generasjon. Dikta hennar vender seg ofte mot verda, er fulle av overraskingar og uvande kombinasjonar og kjenneteikna av eit friskt språk. Ho kjem for å lese frå si nyaste diktsamling Triks, som vrir på stemmer frå reklame og sosiale media, og utfordrar førestillingar knytt til skjønnheit, helse og teknologisk utvikling.
Foto: Ingvil Skeie Ljones, Line Fresti, Baard Henriksen og Paal Audestad
Waiver
Kjøpte billetter refunderes kun ved avlysning.
Vi gjør oppmerksom på at Litteraturhuset tar situasjonsbilder under arrangementet. Det er ikke tillatt for publikum å gjøre eget video- eller lydopptak.