Poesi-snikkikk

Anna Kleiva, Nils-Øivind Haagensen og Thomas Marco Blatt les høgt frå poesibøkene som kjem i haust.

page view image

Tickets Not Available

bestellen
Es stehen keine Tickets mehr zur Verfügung
event image

Event-Informationen

Det er klart for poetiske førpremierar! Litteraturhuset inviterer til poesi-snikkikk, som byr på smakebitar frå haustens poesibøker.

I 2023 laga poet Anna Kleiva og musiker Vilde Tuv bestillingsverket Solplomme til Dei nynorske festspela i Ørsta, og i haust blir verket gitt ut som bok. Denne kvelden les Kleiva nokre av tekstane, kor midtsommarmytane og dei gamle jonsoktradisjonane står sentralt. Portane til åndrike står på vidt gap, og den som er vaken eller ute på vift, kan kome i kontakt med alle slags krefter.

I diktboka Litteraturvitenskap på nittitallet, går Nils-Øivind Haagensen i dialog med sitt yngre eg. Dette er dikt om den kjensla av fridom det litteraturvitskaplege studiet fylte den unge studenten med, om det å tru at han endeleg kunne sleppe unna barndomen, men sjå seg sjølv bli innhenta av han, alltid. Om å få hjelp til å finne ein måte å leve på og trøyst til å halde ut.

Etter fleire romanar vender Thomas Marco Blatt no tilbake til poesien. Vekten av vindblåste trær kretsar om barndomsvennen, fotballspelaren, dykkaren. I nokre år er han sentral i omgangskretsen, han er hjartet og han er hjernen. Og så, plutseleg eller gradvis, er han ikkje det lenger. Vekten av vindblåste trær er ei diktsamling om vennskap og fellesskap, om einsemd og brot, om festane, reisene, fedrane og lengta etter verda. 

Velkomen!


Foto (fra venstre): Baard Henriksen, Rolf M. Aagaard og Ingvil Skeie Ljones

Verzichtserklärung

Kjøpte billetter refunderes kun ved avlysning.
Vi gjør oppmerksom på at Litteraturhuset tar situasjonsbilder under arrangementet.

Veranstalter
Litteraturhuset