page view image

Snikkikk med Margreth Olin

Margreth Olin les høgt frå sin komande roman Utan språk for kjærleik

Information
event image

I serien «Snikkikk» inviterer Litteraturhuset forfattarar til å lese høgt frå bøkene dei skal gje ut til hausten. 

Utan språk for kjærleik er ein roman om den uuthaldelege kjærleiken og om begjær som ikkje lèt seg stagge. 

Bokas forteljar har flytta frå bygda til Oslo, ho har fått barn som har blitt ungdommar. Så døyr mannen hennar. I fem år har ho vore i djup sorg, ingen har ho vore nær. Så møter ho barndomsvenen sin igjen, han som i periodar av livet har betydd alt for henne. Er det deira tur no? 

Han blei kalla Vandrepokalen og var den finaste guten i bygda der ho vaks opp. Har det ikkje alltid på ein måte vore dei to? Men aldri skal ho flytte heim, og aldri skal han flytte ut. Så dei bestemmer seg for å halde det lett. Det som skjer når dei møtest igjen, hadde ingen av dei sett for seg.

Margreth Olin er ein av Noregs mest kritikarroste filmskaparar. Ho står bak filmar som Mannen fra Snåsa, Kroppen min og Fedrelandet. Ho har vunne ei rekkje nasjonale og internasjonale filmprisar, blant anna fem Amanda-prisar. Både Engelen (2009) og Fedrelandet (2023) var Noregs Oscar-kandidat i kategorien beste internasjonale film. Olin debuterte som skjønnlitterær forfattar i 2024 med romanen Song til mor.  

Foto: Agnete Brun

Waiver

Kjøpte billetter refunderes kun ved avlysning.
Vi gjør oppmerksom på at Litteraturhuset tar situasjonsbilder under arrangementet. Det er ikke tillatt for publikum å gjøre eget video- eller lydopptak.