page view image

Mot gondolen: Frode Grytten

I samtale med Erlend Loe om vrange menn og kvinner, breturisme og bygder som vil på kartet.

Information
event image

Ordføraren og investorane vil gjere Odda Great Again i Frode Grytten sin nye roman Vinter, vinter, vinter, vår. Politikarane pressar på for å bygge hotell og gondolbane i den naturskjøne bygdebyen innerst i Hardangerfjorden, noko som splittar dei som bur der. Ikkje minst ekteparet Olga og Martin, som driv restauranten Buarheim like ved isbreen. Martin er kompromisslaus og nektar å servere politikarane, mens Olga er pragmatisk og på gli. Den kvelden kommunestyret kjem for å ha julebordet sitt på Buarheim går Martin ut i vinternatta, vekk frå deira felles heim, og forsvinn i alt det kvite. Det er siste gongen Olga ser han.

Etter å ha vunne Brageprisen for romanen Den dagen Nils Vik døde er Frode Grytten tilbake med ein ny roman som loddar djupnene i livet og sorga, samtidig som den glimrar av eigenarta, underspelt gryttensk humor. Eit elegant portrett av ein familie og eit bygdesamfunn, samt ei spennande forteljing om kampen mot kreftene som vil øydelegge alt som gjer det verdt å leve. 

Frode Grytten er forfattar og litterær altmoglegmann, med både noveller, fotballpoesi, kåseri, konsertar og prisvinnande romanar på repertoaret. Han skriv stramt, nøkternt og underspelt humoristisk om sosiale tematikkar og kvardagen i ei industribygd, om kjærleik og mannsrolla, om fellesskap og om undertrykte kjensler. 

På Litteraturhuset møter Grytten forfattar Erlend Loe til samtale om vrange menn og kvinner, breturisme og bygder som vil på kartet.

Foto: Helge Skodvin

Waiver

Kjøpte billetter refunderes kun ved avlysning.
Vi gjør oppmerksom på at Litteraturhuset tar situasjonsbilder under arrangementet. Det er ikke tillatt for publikum å gjøre eget video- eller lydopptak.